Kom med innspel til muren mot Villa Tou

Publisert av Audun Rake den 27.06.26.
Muren som ber vegen fram til Villaen har ei tid nå vore i ferd med å bli skada. Ein og annan steinen fell ut og fleire er på veg. Der er ikkje akutt fare for at muren skal rase ut, men for å vere føre var har styret i Mølleparkens Venner nå sett i gang eit utgreiingsarbeid for å sjå på moglege avbøtande tiltak.
 
 Adkomsten til Villa Tou blei truleg laga i samband med at Villaen blei ført opp, rundt 1860. I tillegg til opprinneleg funksjon er vegen i dag ein viktig del av spaservegnettet i Mølleparken. I nyare tid har denne vegstubben blitt hovudadkomst til Villaen, til beste for bruken huset har fått, i hovudsak ulike selskapsarrangement og også salongkonsertar. Vurderinga er at biltilgang til Villaen er nødvendig, men bør avgreunsasttil matlevering, transport av bevegingshemma, spesielle arrangement, etc. Tyngre kjøretøy, som t.d. brannbil, treng ikkje bruke vegen.

Muren som no held vegen på plass er gammal, og me ser over tid at den er blitt svekka. Aktuelle grunnar til dette er påverknad frå hekkrøter, og frost har nok også virka inn. I tillegg er det sannsynleg at kjøretøytrafikk har bidratt. Vegen blei etablert mange ti-år før biltrafikk blei ein del av bruken, og i dimensjonering m.m. blei det nok kun tatt omsyn til den lette bruken fotgjengarar og ein hesteskyss i ny og ne utgjorde. Muren er sett opp nær loddrett, altså ikkje med halling innover, slik me gjer i dag. Det er i hovudsak brukt stein frå staden.

Problema har blitt observerte ei tid, og som kortsiktig tiltak er biltrafikk forsøkt leda bort frå murkanten. I tillegg er bilkjøring prøvd å halde på et minimum. Styret i Mølleparkens Venner ser at tida nå er moden for å sjå på moglege permanente utbedringstiltak på vegmuren.

Moglege utbedringstiltak
Sidan i fjor haust har tre personar i ei arbeidsgruppe (Tore Voster, Svein Kåre Langeland og Audun Rake) arbeidd med dette, og har kome fram til tre ulike aktuelle alternativ gruppa meiner det er aktuelt å arbeide med vidare, parallelt.

Vidare nå ønsker styret ein breiast mogleg prosess, der flest mogleg kan komme med innspel og synspunkt på “godt og gale” med kvar av dei tre forslaga:

 

ALTERNATIV 1: Utviding av vegen “inn i bakken”
Muren står som han er, urørt. Vegen blir flytta ca. 1,5 meter innover i terrenget, nok til at kjøretøytrafikk kan trekkas trygt bort frå kanten så muren på den måten kan bli ståande lenge ennå. 6-8 rhododendronplanter må vike, anten fjernast heilt eller skjerast godt tilbake. Heile buksbomhekken blir ståande.

Nokre meter i søre enden av muren som er sett opp ved Villaen må flyttast noko inn i terrenget. For å skåne vegmuren for belastning må det frå kanten av hekken etablerast ei inntil 1 meter brei sone med gras, eller noko tilsvarande.

Noko enkelt vedlikehald av vegmuren må påreknast. Heile stekket på ca. 100 meter får ny vegbane, med drenering langs innerkanten.

Muren får ei godt forlenga levetid og det blir ein ganske grei balanse mellom parken sitt særpreg med planter og plen, og behovet for betring av adkomst til Villa Tou.

 

ALTERNATIV 2: Ny mur i nordre delen

Dagens mur på denne strekninga blir tatt ned og bygd opp att om lag same stad med bruk av eksisterande stein, noko supplert med ny. Buksbomhekken blir erstatta av eit rekkverk.

Muren elles sørover blir ståande som han er, med buksbomhekken intakt.

Asgeir Dahle er fagmann. Han meiner dette let seg gjennomføre, med arbeidsstasjoner på oppsida. Det må etablerast fundament og bakfylling med pukk for å sikre god stabilitet og lang levetid.

Som for alternativ 1 kjem det ny vegbane inkludert drenering, men med mindre inngrep innover i terrenget. Truleg kan alle rhododendronane på innsida av vegen bli ståande, men må klippast noko tilbake.

 

ALTERNATIV 3: Stenging av vegen, og ny bil-adkomst frå nord, over plenen

Me rører ikkje mur/veg, men stenger for biltrafikk. Heilt ny bil-adkomst til Villaen blir anlagt frå vegen langs vatnet. Traséen som peikar seg klart ut er å legge ny veg frå der plommetrea står og opp til nordre Villa-brystet, der det kan etablerast eit snu- og parkeringsareal på ca 60 kvm.

For å sikre god framkomst må det gjennomførast vegutbetringar i ca. 25 meters lengde langs neset som stikk ut i vatnet, på utsida av vegen.

Ein stein ved brygga må fjernast. Med dette alternativet vil eksisterande vegmur bli ståande som han er, og buksbomhekk og rhododendron bli ikke berørt.

Nødvendige inngrep kjem på plenarealet og vegutviding på neset. Planetaten i kommunen er kontakta om kor vidt det trengst søknad om tiltak og godkjenning.

Kva skal gjerast med muren mot Villa Tou? Styret i Mølleparkens Venner vil at folk som har innspel tar kontakt med arbeidsgruppa (se nederst i saken for kontaktinfo).

 Skisser over dei tre alternativa, og eit notat, er óg hengt opp i kaféen.

Kom med innspel!
For innspel m.m. ta kontakt med Audun Rake (audunrake@lyse.net, tlf: 97749836) eller dei andre i arbeidsgruppa (Tore Voster og Svein Kåre Langeland).